| Grieg sin klaverkonsert i a-moll er ein av dei mest spelte klaverkonsertane, 
og i si hovudoppgåve frå 2006 nyttar Ådne Meling fem nyare innspelingar av klaverkonserten 
som utgangspunkt for å studera musikalsk uttrykk. I denne artikkelen presenterast 
ei oppsummering av arbeidet   
Grieg sin klaverkonsert i a-moll er ein av dei mest spelte klaverkonsertane.
    Hovudoppgåva til Ådne Meling frå 2006 har tittelen ”Konturar av interaksjon: 
Om 
uttrykk og veremåtar i fem innspelingar av Klaverkonsert i a-moll av Edvard Grieg.” 
Hovudoppgåva brukar fem nyare innspelingar av klaverkonserten som utgangspunkt 
for å studera musikalsk uttrykk.    Oppgåva baserer seg for det første på den såkalla 
konturteorien for musikalsk representasjon, som seier at mennesket har nedarva 
ein tendens til umedvite å oppleva musikk som ein analogi til menneskelege uttrykk 
generelt. Oppgåva baserer seg for det andre på sosial interaksjonsteori, som analyserer 
menneskelege kjensler i samband med sosial interaksjon. 
   Konturteorien for musikalsk representasjon samt teoriar om kjensler i menneskeleg 
interaksjon blir brukt som bakgrunn for analysane av dei utvalde innspelingane. 
Det har vore skepsis blant somme musikkvitarar til om musikk kan representera 
kjensler og uttrykk, men oppgåva tek utgangspunkt i nyare filosofi, der er det 
konsensus om at det er rimeleg å tala om slik representasjon. 
Hovudoppgåva studerer dei utvalde innspelingane med bakgrunn i forholdet mellom 
behovet for autonomi og behovet for samhald i sosiale relasjonar. Oppgåva peikar 
på somme musikalske gestar som relasjonelle, mens andre gestar blir forstått som 
distanserande. Meininga i den musikalske gestikken er i følgje oppgåva delvis 
universell, men også kulturell og kognitiv bakgrunn hos lyttaren vil vera medverkande 
for kva slags tolkingar av uttrykket i innspelingane som er moglege.
 
 Musikkvitskapen har utvikla apparat av omgrep for å analysera partitur av klassisk 
musikk, men apparat for å analysera innspelingar er ikkje så utvikla. I tillegg 
til å prøva å forstå uttrykket og veremåtane i dei fem innspelingane som blir 
studert, er det derfor ein ambisjon i hovudoppgåva å gje eit generelt tilskot 
til teoriutvikling for analysar av det klingande materialet som blir produsert 
av utøvarar av klassisk musikk.
   Ådne Meling er utdanna cand philol med hovudfag i musikkvitskap frå 2006.  |